Ragnhild ; Siste Leveåre
Olav Duun
Bokklubben (1970)
I samling
#114
0*
Innbundet 9788252501230
Norwegian
Ein del trudde kanskje at det ikkje skulle komma nok framhald av "Medmenneske", men det gjorde det. Thesen siterer den islandsk-danske bokmannen Gunnar Gunnarson: "Olav Duun lader det Gode simpelthen ihjelslaa det Onde, bogstaveligt: Uskylden slår Skylden i Skallen med en Øksehammer; den omvendte Verden. Man vil se med hvilket foreløbigt Resultat," Dette er andre bandet i trilogien om folket på Stavsund. Ragnhild sit fengsla for drapet på Didrik Dale. Håkon svikta da dette skjedde, og han sviktar enno. Han har ikkje eingong skrivi til Ragnhild mens ho er i fengslet, og han bryr seg ikkje da ho kjem ut att heller. Om det er skamkjensle fordi han har svikta før, eller det er likesæle, det får vi no sjå på. Tale, som ser at det er i ferd med å gå heilt galent på Stavsund, bestemmer seg for at ho må hente Ragnhild tilbake. Kanskje det er berginga. For Ragnhild vil ikkje komma tilbake av seg sjølv. Tale døyr på denne turen, men Ragnhild blir med heim til "Vonlausheimen". Og Håkon er så pass til kar at han er med i gravferda på mora - i lag med Ragnhild. På eitt vis hadde han vel kommi til ei slags sannings erkjenning, utan at det gjer det så mykje lettare for han: "Han, Håkon Dale, dømte henne og sendte henne i veg. Enten det var rett eller gale, som dei kallar det, ein verkelig bonde hadde aldri gjort det." Håkon har endra seg mens Ragnhild er borte. Der er blitt meir "Didrik" i han: "Dei har svore seg i hop mot meg no. Både dei (bygda) og Vårherre. Dei vil drive meg til å verja meg, skjønar eg. Ja, ja, dei skal få det som dei vil. Eg tek snart saka i mi eiga hand." Siste Leveåre: Boka handlar om tilhøvet mellom Ragnhild og mannen Håkon. Håkon er på mange vis ein tapar som blir krenkt av motgangen i livet, men han godtek med tida si eiga rolle. Han får etterkvart ei større forståing av Ragnhilds offer. Dei to finn fram til kvarandre att, og byrjar eit nytt liv, lengst nede på samfunnsstigen. "Siste leveåre" er tredje og siste bok i "Ragnhild-triologien. Ragnhild blir skremt av dette. Vart det slik, hadde hennes øksehammar vori forgjeves. Ho hadde ikkje tenkt å bli, men forstår at ho må det likevel. Ho er enno villig til å "berge" Håkon. "Ragnhild" når vel ikkje heilt opp til "Medmenneske", men for Duun var det ventelig nødvendig at boka vart skriven. Og la oss legge til: For oss andre også.
Produktdetaljer
Antall sider 343
Personlige detaljer
Lest Ja